FOTBALL: Operaversjonen på Det norske Teatret av Norges St.hans-feiring, med seieren over Brasil, i 1989, er hyllet av anmelderne. Premieren var 23.mars, denne uka vises forestillingen i dag og i morgen, og hele neste uke bortsett fra mandag. På Hovudscenen.. (Foto: Dag Jenssen, Det norske Teatret)
St. Hans-feiring de Luxe..!
Vi er altfor seint ute med denne teateromtalen. Og det er ikke bare fordi Vålerenga Fotball har fått altfor liten plass her. For å bøte på forsinkelsen trykker vi hele omtalen i språkdrakten til forfatteren av stykket, Are Kalvø. Da blir det om mulig enda mer hysterisk:
23. juni 1998 vann Norge over Brasil i fotball-VM, og Norge gjekk bananas. Folk dansa i gatene. Arne Scheie mista munn og mæle. Vanlege menneske bada i fontener og song heile natta. Framande klemde kvarandre på Karl Johan. Kjetil Rekdal viste følelsar. Alt gjekk an denne kvelden.
Og no kan du endeleg få oppleve denne kvelden på nytt. Som opera. Såpass må det nesten vere når ein skal gjenfortelje historias største norske idrettsbragd.
Norge-Brasil, ein fotballopera tøysar både med fotball-klisjeane og opera-klisjeane, og gir deg sugande taklingar, ariar, overdrivne kjensler, offside, kjærleik, scoringar og straffespark i ei framsyning der Kjetil Rekdal og Tore Andre Flo bryt ut i song og fortel oss korleis dei eigentleg har det.
Vi møter alle heltane frå 1998. Flo. Myggen. Flo. Drillo. Flo. Vi får også historiene til nokre av dei som såg på kampen, og som fekk liva sine forandra for alltid denne historiske kvelden.
Norge-Brasil er ein opera som til og med fotball-fans kan like. Og ein fotballkamp som til og med opera-fans kan like. Og ein komedie som til og med kan nytast av folk som verken liker opera eller fotball. Og ikkje minst: Med denne framsyninga får du endeleg sjansen til å sjå ein landskamp du på førehand veit at Norge kjem til å vinne.
Musikken er ved Helge Førde. Erik Ulfsby har regien og med seg har han blant andre Per Schanning som Drillo og Niklas Gundersen som Kjetil Rekdal. Egil Østenstad blir spilt av Trond Teigen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar